Møtet er ope for alle som er interesserte i byutviklinga i Herøy kommune, både privatpersonar, næringsliv og andre interessentar.
Tid: tysdag 29. august 2023, klokka 18.00
Stad: Herøy rådhus, kommunestyresalen
Lage utviklingsplan for å få midlar
For at Herøy kommune skal få midlar til byutvikling frå fylkeskommunen må kommunen ha ein bindande utviklingsplan for korleis vi ønsker å utvikle kommunen i framtida.
Utviklingsplanen må vere forankra i kommunen sin planstrategi, og sjå utviklinga i eit langsiktig perspektiv.
På dialogmøtet vil du få vite meir om dette arbeidet og dele dine tankar angåande byutvikling.
Frå før: to arkitektrapportar
I 2014 deltok Herøy kommune i tettstadsprogrammet til fylkeskommunen. Som del av dette inviterte kommunen til eit parallelloppdrag i 2015. Her fekk kommunen fleire innspel frå tverrfaglege arkitektgrupper om korleis Fosnavåg sentrum kan utviklast som ein attraktiv og bærekraftig stad.
Frå dette arbeidet sit vi igjen med sluttrapporten frå parallelloppdraget, og sentrumsvisjonen (sjå lenkene nedst på sida).
No: oppdrag frå byutviklingsgruppa
Byutviklingsgruppa (utval for samfunnsutvikling) har gitt kommunedirektøren i oppdrag å starte opp eit arbeid knytt til byutvikling.
Derfor vil kommunen gjennomføre ein konkurranse der vi bygger vidare på sluttrapporten og sentrumsvisjonen og lagar ein oppdatert utviklingsplan for Fosnavåg sentrum.
Utviklingsplanen er avgjerande for å kunne løyse ut midlar til byutvikling frå fylkeskommunen. Kommunen vil bruke planen til vidare områderegulering i framtidig planlegging. Det vil gjere at utviklingsarbeid kan kome i gang raskare og enklare i framtida.
Bakgrunnsdokument
Her er lenker til dei tidlegare rapportane:
Du kan også lese meir om arbeidet med byutvikling i Fosnavåg i arkivet til kommunen.