Svein Arne Orvik
Multiconsult har på vegne av Kystverket utarbeidd forslag til detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing (KU) for å utbetre farleia på strekninga frå Røyrasundet til Svædet.
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ei konkurransedyktig, effektiv, sikker og miljøvenleg sjøtransport. Dette skal gjerast ved å utdjupe ny farlei for å unngå møteulykker og grunnstøytingar.
Utdjupingstiltaka vil gje meir plass og større manøvreringsrom i farleia. Dermed vil sannsyn for møteulykker og grunnstøyting bli redusert. Tiltak på strekningen er prioritert i nasjonal transportplan 2022-2033, omtalt som korridor 4. Prosjektet er prioritert i Kystverket sin handlingsplan med oppstart i 2026.
Planforslaget dekkjer Herøy kommune sin del av Skinnbrokleia som ligg mellom Torvika og Hatløya i Ulstein kommune og utdjupingsområde kryssar kommunegrensa til Ulstein. Ulstein kommune har fått den delen av plankartet som ligg i Ulstein til godkjenning på lik linje med Herøy.
Skinnbrokleia
Vedtaket vil kunngjerast i lokal avis den 22.11.2024 og kan påklagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 3 veker frå kunngjeringa. Klagen sendast til Herøy kommune innan 13.12.2024.
Dokumenta i saka finn du her: Farledstiltak på strekninga Røyrasundet - Ålesund
Lenke til side for å klage: Klagerett