Huldal barnehage (Privat)

Huldal barnehage ligg i Huldalen, sentralt i Fosnavåg. Vi har gangavstand til sentrum, fjøre og fjell.  Vi tilbyr eit lite og oversikteleg miljø der alle kjenner alle.

Barnehagen er ein privat 2-avdelings-barnehage, som vert eigd og drifta av foreldra, via samvirkeføretaket Huldal barnehage SA. Armkroken er avdelinga for barna i alderen 0-3 år og held til i 1.etasje. Hjerteromet er avdelinga for barn mellom 3-6 år og dei held til i 2.etasje.

Personalet er stabilt, med mange års praksis i barnehage.

Vi er motiverte og  opptekne av faglig kompetanse. Vi har to pedagogar på kvar avdeling og  har stor overvekt av fagarbeidarar i assistentgruppa. Godt samarbeid med heimane og brukarvenleik er særs viktig for oss.

Vi tilbyr romslege lokale med høve til variert leik og eit stort areal for uteleik. Særlig er gymromet på loftet populært hos barna. Våren 2017 etablerte vi ny flott leikeplass i front av bygget .

Det vert servert tre måltid med variert kost kvar dag.

Barnehage-visjon:

DET SKAL VERE STORT Å VERE LITEN I HULDAL BARNEHAGE!

Vi har som mål at barna og foreldra skal oppleve å vere ein del av den beste barnehagen dei kan tenkje seg. Gode dagar med høg trivselsfaktor og dei beste høve for utvikling for dei små, er vårt viktigaste fokus!

Det vil vi mellom anna oppnå gjennom å arbeide etter dette mottoet:  

RAUSHET OG GLEDE - VAKSNE TILSTEDE!                                                                                                                              

Det tyder at vaksne i Huldal barnehage skal balansere sin vaksenstil i møte med barna, mellom ein varm relasjon og å sette tydelege grenser.

Meir informasjon

Du finn oss også på Facebook:  Huldal barnehage SA

 
Opningstid: 06.45 - 17.00


Adresse/Besøksadresse:
Nedre Huldalsveg 5
6090 Fosnavåg

Dokumenter: