Barn med særskilte behov

Har barnet ditt vanskar på eitt eller fleire område, eks. språkleg, sosialt, motorisk,  kan barnehagen søke kommunen om styrkingstiltak og rettleiing.

Kven kan få tenesta?

I fylgje barnehagelova, skal barnehagen ta omsyn til barn sitt funksjonsnivå. Barnehagen har ei plikt til å støtte, ta omsyn til det einskilde barn og legge til rette for at alle kan nytte seg av tilbodet som vert gitt i barnehagen.

Kva omfattar tenesta?

Har barnet ditt vanskar på eitt eller fleire område, eks. språkleg, sosialt, motorisk,  kan barnehagen søke kommunen om styrkingstiltak og rettleiing. Sektor Oppvekst har støttepedagogar som kan hjelpe barnehagane med dette.

Har barnet ditt nedsett funksjonsevne som krev særskilt tilrettelegging for at barnet kan nyttiggjere seg barnehagetilbodet, må ein melde dette til Herøy kommune for vurdering av kva som er muleg å få til.
Meldingsskjema finn du her.

 

Om du tenkjer at barnet ditt treng spesialpedagogisk hjelp, må du  melde dette til Pedagogisk Psykologisk teneste  (PPT) for vurdering. Barnehagen kan hjelpe deg med dette.  Om PPT vurderer at barnet har rett til spesial pedagogisk hjelp, skriv dei ei sakkunnig tilråding om dette. Sektor Oppvekst gjer vedtak om omfang og innhald i den spesialpedagogiske hjelpa barnet vil få.

Kva kostar tenesta?

Tilrettelegging i barnehage kostar ikkje noko. Reglane for betaling barnehage gjeld på vanleg måte.

Når kan du vente svar?

Sakene vert handsama fortløpande.

Kontakt

Lena Vågsholm Sævik
PP-rådgjevar
E-post
Mobil 948 57 848
Kathrine Nybø
støttepedagog
E-post
Sølvi Iren Utgård
E-post
Mobil 916 37 580
Liv Kristin Aarset
støtte- og spesialpedagog
E-post