Førebygging av mobbing

Barnehagen skal bidra til at barna trivast og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi.

Kva seier rammeplanen?  

Rammeplan for barnehagen (PDF, 3 MB)seier at borna si fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til at borna trivast og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenka eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje det opp.

«Være sammen»

I Herøy har alle barnehagane skulert seg i «Være sammen», eit pedagogisk program som gir hjelp til kva haldningar og handlingar vaksne må ha for å arbeide førebyggjande på dette området.  Vaksne må ha ein autoritativ vaksenstil, vere tydelege og varme. Forsking seier at det er den vaksenstilen som gir born dei beste utviklingsmulegheitene. Borna får også lære om, og hjelp til inkluderande haldningar og handlingar som dei kan ta med seg vidare i livet.

Kva kan du forvente?

Å jobbe førebyggjande mot mobbing og sette i gong tiltak når krenking vert observert, handlar mykje om å jobbe med born sin leikekompetanse og evne til utvikling av vennskap.

For barnehageborn er trivsel i høg grad relatert til det å ha nokon å leike med. Difor er det viktig for oss at alle born skal kjenne seg inkludert i fellesskapen, at dei betyr noko for andre  og at dei vert omtala positivt.

Dei tilsette vil saman med foreldra sikre denne prosessen.