Opptak og fristar

Herøy kommune har vi fire kommunale og fem private barnehagar. Søknadsfristen er 1.mars for komande barnehageår.

Opphaldstid i barnehagane er innanfor tidsromet 06.45-17.00

Søknad

Vi har felles søknadsskjema og samordna opptak ved barnehagane.

For søknad om plass med oppstart i august må det søkjast i perioden 01.01. – 01.03. NB! Har du søkt om barnehageplass før fyrste januar og ikkje fått plass, må du levere ny søknad før 01.mars.

Søknader om barnehageplass som kjem inn utanom dette, vert behandla ved supplerande opptak.

For å svare på tildelt plass, bruk denne lenka.

Har plass og vil endre

Har du fått tildelt barnehage treng du ikkje søkje på nytt. Plassen har du fram til skulestart.

Ynskjer de å bytte barnehage nyttar du skjema for å søkje barnehageplass på vanleg måte.

Rett til plass

Alle som søkjer innan fristen 01.03 og fyller 1 år innan 30. november, har rett til plass.

Barnehageåret

Nytt barnehageår startar den andre veka i august i alle barnehagane bortsett frå Gnist barnehager Myklebust som tek inn nye barn frå 1. august.

Oppseiing

Du må seie opp barnehagen skrifteleg. Oppseiingstida gjeld frå den fyrste månaden etter og oppseiingstida er ein månad.

Det er ikkje høve til å seie opp plassen i tida 1. april til 1. august (siste frist for å seie opp plassen er difor 1. mars). Dersom eit barn skal slutte etter 1. april, må barnehageavgift betalast ut barnehageåret sjølv om barnet ikkje nyttar tilbodet.

Dokument:

Meir informasjon om det å ha barnehageplass finn du i Lokal rammeplan barnehage 2016-2020 (PDF, 3 MB)