Prisar og betaling barnehage

Prisane gjeld  for alle barnehagane i kommunen.

Barnehage frå 01.01.2019: Det vert nye satsar ved nytt barnehageår 01.08.2019
Barnehage frå 01.01.2019:
Tal på dagar pr veke Krone pr. mnd. Matpengar kjem i tillegg Totalbeløp
5 2 990,- 350,- 3 340,-
4 2 392,- 280,- 2 672,-
3 1 794,- 210,- 2 004,-
2 1 196,- 140,- 1 356,-

 

Barnehagesatsar frå 01.08.2019
Barnehagesatsar frå 01.08.2019
Talet pr. dagar pr. veke Pris Matpengar Totalt
5 Kr.3 040,- Kr. 350,- Kr. 3 390,-
4 Kr. 2 432 Kr. 280,- Kr. 2 712,-
3 Kr. 1 824 Kr. 210,- Kr. 2 034,-
2 Kr. 1 216 Kr. 140,- Kr. 1 356,-

Søskenmoderasjon

Du betalar 70% for barn nr. 2.
Du betalar 50% for barn nr. 3 eller flere.

Søskenmoderasjon gjeld sjølv om du har 1. barn i kommunal barnehage og 1. barn i privat barnehage.

Du skal ikkje søkje søskenmoderasjon, dette skjer automatisk.

Redusert pris for barnehageplass

Hushald med lav inntekt

Ingen skal betale meir enn seks prosent av samla brutto inntekt til barnehagen. Skattefrie inntekter vert ikkje inkludert.

Har foreldre delt omsorg og barnet bur fast hjå begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Gratis kjernetid

Alle 3, 4, og 5-åringer, og barn som har utsatt skulestart kan få gratis kjernetid med 20 timar pr. veke. Det er inntekta i hushaldet som bestemmer om ein har rett på ordninga. Meir om dette finn du på nettsidene til utdanningsdirektoratet.

Søknadsfrist


Du kan søke gjennom hele året. Vedtaket gjeld frå og med fyrste månad etter søknadstidspunktet. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

Skjema:


Søknadskjema redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid

Krav til dokumentasjon:

Skattemeldinga er det sentrale dokumentet til søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram vert dette rekna som anna gyldig dokumentasjon:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar på gjeldande løn