Grunnskuleopplæring for vaksne

Det kan vere mange grunnar til at vaksne treng grunnskuleopplæring. Det kan vere at ein ikkje har fått fullverdig grunnskule der ein vaks opp, enkelte treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade og andre treng betre grunnleggjande kunnskap for å kunne utdanne seg eller få jobb.

Kven kan søkje?

Personar over 16 år som ikkje har norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet. Søkjar må ha lovleg opphald i landet.

Korleis søkjer du?

Du kontaktar Kvalifiseringssenter for innvandrarar i Fosnavåg for søknadsskjema eller søkjer elektronisk her.

Søknad vert handsama av fagleiar Oppvekst.

Kva må du ha med når du søkjer?

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Kopi av prøvebevis for norskprøve, viss du har det

Kva fag inneheld grunnskule for vaksne?

Du kan få undervisning i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.

Kvifor ta grunnskuleopplæring?

Når du har tatt del i undervisninga og tatt naudsynte eksamenar, vil du  få grunnskulevitnemål og kan søkje vidaregåande opplæring.

Kor lenge varer grunnskuleopplæringa?

Opplæringa varer i 2 år.

Kvar føregår opplæringa?

Undervisninga er på Ressurssenteret i Hareid.

Kostar det noko?

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Kontakt

Sølvi Lillebø Remøy
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 08 13 87
Mobil 957 64 125