Skuleskyss

Skuleskyss er ei ordning du kan ha rett på når du er elev i grunnskulen i kommunen. 

Når kan du få skuleskyss

  • Du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skule. For førsteklasse er det 2 km.
  • Bur du nærmare skulen enn avstandane over, kan du ha rett på skyss dersom du:
  1. Bur langs ei strekning som i kommunen sitt reglement er omtala som særleg farleg.
  2. Er funksjonshemma
  3. Midlertidig skada eller sjuk.

 

Slik søker du:

  • Elevar ved grunnskulen sender søknad til skulen
  • Ved delt bustad må du legge ved stadfesting om delt bustad og folkeregistrert adresse.
  • Søknad om tilrettelagt skyss send søknad til skulen, saman med legeerklæring.

Skjema finn du på fylket sine nettsider. Husk at søknaden skal leverast til  din skule. 

Skuleskysskortet

  • Elevane får utdelt skysskort for den perioden som er innvilga. Elevane leverer inn skysskorta til skulen når perioden er over. Alle kort skal leverast inn før skuleslutt.
  • Eleven kan bruke kortet mellom heim og skule, i skulen si ordinære start- og sluttid.
  • Elevane registrerer kortet i billettmaskina hos sjåføren kvar gong dei går på bussen.
  • Det er veldig viktig å ikkje lage hol i kortet, då vil det slutte å virke.
  • Kort med teknisk feil vert erstatta utan kostnad.
  • Du må sjølv betale for å få erstatta mista eller øydelagt kort. Det kostar kr. 100,-, kvittering må leverast til skulen før det vert bestilt nytt busskort.
  • Elevane får vere med bussen om dei har gløymt kortet om morgonen, eleven må få eit midlertidig skysskort til heimreisa med skulen.

 

Meir om ordninga kan du lese i

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 86