Tverrfagleg samarbeid

PPT Herøy har tett samarbeid med barnevern, helsesøster og kommunepsykolog. Vi tilbyr fast tverrfagleg team til barnehagane og grunnskulane i Herøy kommune. Eleven sin trivsel og psykososiale oppvekstmiljø står sentralt i arbeidet.

Tverretatleg samarbeid

PPT Herøy har faste tverretatlege samarbeidsmøter ein gong i månaden, med mål om å sikre eit heilskapleg kommunalt tenestetilbod for barn og unge. Her møtast dei tilsette innan PPT, barnevernstenesta og helsestasjonen. Med eit slikt samarbeid ynskjer vi å oppnå:

  • Foreinkla, effektive og felles samarbeidsrutiner
  • God samhandling innan oppvekstområdet
  • Ansette og leiarar med heilskapleg fokus på oppvekstområdet
  • Informasjonsdeling om dei ulike teneste

Tverrfagleg team

Skulane og barnehagane i Herøy kommune har fast tilbod og samarbeid med tverrfagleg team. Teama er samansett med fagfolk frå PPT, barnevern, helsestasjon, skule/barnehage og kommunepsykolog. Målet for teama er at alle barn skal ha eit godt oppvekst- og læringsmiljø. Desse møta kan omfatte ulike problemstillingar, til dømes knytt til psykisk helse, skulevegring, læringsmiljø, sosiale vanskar, emosjonelle vanskar, og liknande. 

Kven kan få tenesta?

Skular, barnehagar og føresette kan be om å få tenesta. Dei ulike instansane kan også kalle inn til tverrfagleg møte. Tenesta er gratis.

Kva kan du forvente?

Om det blir kalla inn til tverrfagleg team kan du som skule, barnehage eller forelder forvente eit heilskapleg perspektiv på barnets skulesituasjon. Barnets trivsel og psykososiale oppvekstmiljø står i fokus, og dei ulike faggruppene drøfter saman for å finne gode løysingar for å auke barn og ungdoms trivsel på skulen.

Korleis får du tenesta?

Dersom du er interessert i å drøfte ei sak i tverrfagleg team kan du ta kontakt med skulen og be om dette. Du kan også kontakte ein av dei aktuelle instansane:

  • PPT Herøy: 70081740
  • Helsesøster: 70081450
  • Barnevernstenesta (kontaktinformasjon)

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Grete Dalhaug Berg
PPT leiar
E-post
Telefon 70 08 17 42