SFO

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid ved fleire skular. Tilbodet i dei ulike  krinsane er avhengig av etterspurnaden. I ferien vil ein tilby SFO ved Bergsøy skule. Det gjeld også barn frå andre krinsar, derom det er nok søkjarar til ordninga.

Kven kan få tenesta?  

Barn i fyrste til fjerde klasse og for barn med spesielle behov i fjerde til sjuande klasse kan få tilbod om skulefritidsordning etter søknad.

Kva kan du forvente?

Tilsette ved skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Dei skal  legge til rette for leik , kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna.

Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.

Kva kostar det?

SFO - prisar frå 01.08.2019
SFO - prisar frå 01.08.2019
Gruppe Timetal Pris
1 Inntil 10 t/v 1576
2 Inntil 14 t/v 2225
3 Full plass 2705
Det vert rekna 25% rabatt på barn nr. 2 og fleire

 

SFO-ferie
SFO-ferie
Opphald Pris
Pr.veke 1298,-
Pr.dag 310,-
Pr.time 70,-

 

Korleis få plass i SFO ?

Ønsker du at ditt barn skal starte på SFO  må du levere søknad.  Frist for dette er 15. april. Du kan søkje gjennom heile året, men ein er då ikkje garantert plass.

Du treng ikkje søkje kvart år. Når barnet har fått plass, gjeld tildelinga til barnet er ferdig med fjerde klasse. Dersom barnet skal ha endra må dette meldast inn.

Ferietilbod melder du i eige skjema.

Treng du opphald i ferien skal skjema som du får ved din skule leverast til Bergsøy skule.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din snarast etter at fristen for påmelding er ute. Søknad gjennom året vert handsama fortløpande.

Ta kontakt med rektor ved skulen din så syter han/ho for å melde barnet ditt på i dei ferievekene som er aktuelle for deg.

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 86