SFO-ferietilbod

SFO si opningstid er i samsvar med skuleruta for grunnskulen. Mot ekstra betaling har SFO ved Bergsøy skule ope ca. 5 veker i skulane sine feriar.

Tilbodet gjeld i feriar:

  • frå 1. august og til skulestart
  • i haust- og vinterferien
  • frå skuleslutt og ut juni månad

Tilbodet krev minimum 6 påmelde born dagleg.

Ferietilbodet er ope for elevar frå alle krinsane. Søknad leverast elektronisk , i god tid før det aktuelle opphaldet. Søknadsfrist for opphald i august er 30. juni. 

Opningstida i SFO utanom skuleruta er 8 timar pr. dag.

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 86