Norskopplæring

Treng du eller nokon du kjenner å lære norsk? Då kan du starte på norskkurs på Kvalifiseringssenter for innvandrarar i Herøy kommune.

Kven kan starte?

Er du utlending mellom 16 og 67 år og ikkje kan norsk eller treng å bli betre i norsk, kan du kontakte Kvalifiseringssenter for innvandrarar

Kva nivå vil du starte på?

Vi har alfabetisering, nybegynnarnivå (A1), mellomnivå (A2) og høgare nivå (B1).

Når har vi norskkurs?

Vi har kurs på dagtid frå kl 8:30 til kl 12:00. Så har vi kveldskurs ein kveld i veka frå kl 17:30 til kl 20:00.

Må du ta eksamen?

Du kan ta eksamen på det nivået du ønskjer. Vi har eksamen i norsk tre gongar i året. Arbeidsinnvandrarar kan ta eksamen dersom dei ønskjer det. Flyktningar og nordmenn må ta eksamen.

Kva kostar det?

Norskkurs 2019 Dei som har rett til gratis norskkurs, har rett på gratis eksamen med eitt forsøk. Skal ein ta ny eksamen må ein betale.
Norskkurs 2019
Kurs . pris
Kurs per dag 145,- kr
kurs per kveld 155,- kr
Bøker per nivå 500,- kr
Norsk munneleg eksamen 700,- kr
Norsk skrifteleg eksamen 800,- kr
Samfunnskunnskapseksamen 500,- kr
Statborgarprøve 500,- kr

Kva eksamenar arrangerer vi?

• Norsk munnleg og skriftleg (digitalt) på nivå A1, A2, B1 og B2

• Samfunnskunnskapseksamen på morsmålet ditt

• Statsborgarprøva på norsk

Korleis søkjer du på norskkurs?

Ta kontakt med rektor Kari U. Torvik på telefon 70081675/ 99324414, på e-post: kari.torvik@heroy.kommune.no eller ved oppmøte på Kvalifiseringssenter for innvandrarar, Lisjebøvegen 23, 6091 Fosnavåg eller søk elektronisk i dette skjemaet.

Dersom du må søkje fritak gjer du dette i eige skjema.

Når kan du starte på norskkurs?

Du får svar omgåande og kan starte så snart det er ledig plass i ei gruppe på ditt nivå.

Velkommen!