Bålbrenning

I Norge er det et generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog, kystområder og annan utmark (utmark er det meste av innsjøar og vatn, strender, myr, skog og fjell i Norge).

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere viss det ligg snø på bakken eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranden i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov til å grille på tilrettelagte grill- og bålplasser som er godkjent av kommunen. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagar reknast som innmark og omfattar ikkje av forbodet. 

Totalt bålforbod

Dersom skogbrannfara er høg kan brannvesenet lokalt legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. I praksis betyr eit slikt totalforbod at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, utmark eller på stranda. Grilling i eigen hage er som regel tillatt, så lenge du passar godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totalt forbod.

Jonsokbål og andre bål

Alle bål skal meldast inn i eige skjema.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet
  • Bålet må vere i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov
  • Ha egna sløkkjemidlar lett tilgjengeleg
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmaterialer og anna søppel
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt
  • Alle bål skal sløkkjast før det vert mørkt slik at det ikkje oppfattast som brann av dei som ser bålet på avstand.
  • Herøy brann og redning ynskjer å få beskjed frå deg før du tenner større bål eller brenner bråte. Dette for at vi ikkje skal få brannmeldingar på det som er ditt bål. Ring tlf 91 11 55 20 før du tenner bålet slik at vi unngår unødige utrykkingar.

Kontakt

Tore Langvatn
konstituert brannsjef/leiar Beredskap
E-post
Telefon 70 08 13 00
Mobil 992 10 003
John Normann Pettersen
leiar førebyggande
E-post
Mobil 992 10 002