Førebyggjande arbeid

Brannførebyggande arbeid i Herøy kommune har som hovudoppgåve å forebyggje brann og andre ulukker. Førebyggjande arbeid innan brannvern er eit nasjonalt satsingsområde.

Dette inneber blant anna branntilsyn i dei særskilte brannobjekta i kommunen, motivasjons - og informasjonstiltak (kurs og opplæring) om fare for/ved brann, samt nær kontakt med skular, barnehagar, lag og organisasjonar, institusjonar og bedrifter.

Tilsyn i særskilte brannobjekt utførast med den frekvens regelverket krev. Vi nyttar ulike tilsynsvariantar frå eigenerklæringar til meir omfattande systemtilsyn.

Herøy kommune har ansvar for tilsyn med om lag 70 større objekt der det kan vere særskild fare for tap av liv og materielle verdiar. Dette omfattar både offentlege bygningar, forretnings-/bustadbygg, hotell/overnattingsbygg, industriverksemder, parkeringshus, tunellar, m.m.

Nyttige lenker: 

 

Brannvernveka

DSB

Norsk brannvernforening

Kontakt

John Normann Pettersen
leiar førebyggande
E-post
Mobil 992 10 002