Fyringsanlegg, gebyr og feiing

Fyringsanlegg  som skorstein og eldstad er i likheit med andre bygningsmessige og tekniske installasjonar regulert av plan og bygningslova med forskrifter. 

SØKNAD OG/ELLER MELDEPLIKT 

Eldstad:

Montering av eldstad innanfor ei brukseining eller branncelle er unnateke er unnateke frå krav om søknad i medhald av plan- og bygningslova. Montering skal utførast i samsvar med produktet sin tekniske dokumentasjon. Eigar eller brukar må etter installering av ny eldstad melde frå til Herøy kommune ved brann og redningstenesta, da dette utløyser feie- og tilsynstenester. 

Skorstein:

Ny-oppføring og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig jf. bestemmelsane i plan- og bygningslova, og søknad med ansvarleg utførande skal rettast mot byggjesak i Herøy kommune. Huseigar er ansvarleg for at skorstein blir oppført i samsvar med teknisk dokumentasjon. 

Kontroll og vedlikehald av fyringsanlegg:

Eigar er ansvarleg for at fyringsanlegg blir kontrollert og vedlikehalde i samsvar med føresetnadane for anlegget. Eigar er ansvarleg for at feiaren har tilfredstillande tilkomst til heile fyringsanlegget ver tilsyn. Sjå Forskrift om brannforebygging § 6. 

Gebyr: 

Feiing- og tilsynsgebyr 2019
Feiing- og tilsynsgebyr 2019
Feiing/tilsyn pris u/mva pris m/mva
Fyringsanlegg 490 612,50
Gassfyrte anlegg 285 365,25
Ekstra pipeløp 160 200

Gebyrfritak:

Fritak for feiegebyr vil i praksis medføre fysisk fjerning av eldstad eller plombering av denne. Plombering av eldstad kan rekvirerast utført av feiaren.  

Spørsmål kring feiing, tilsyn og regelverk kan rettast til:

Kontakt

John Normann Pettersen
leiar førebyggande
E-post
Mobil 992 10 002