Bruksendring

Dersom du ønskjer å endre bruk av eit rom i huset frå tillat bruk til anna bruk kan det krevje bruksendring.

Du må for eksempel søkje bruksendring om du:

  • endrar eit rom frå tilleggsdel (for eksempel bod) til hovuddel (for eksempel stue) eller omvendt (mindre endring)
  • gjere endringar i bustaden din slik at det blir to nye separate bueiningar (større tiltak)
  • ønskjer å bruke deler av bustaden din til noko anna

Informasjon om bruksendring finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

Kven kan få tenesta?  

Som eigar  kan du søkje bruksendring.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at søknaden vert handsama innanfor gjeldande lovverk utan ugrunna opphald.

Kva kostar det?

Bruksendring
Type Grunnbeløp Gebyr pr. m2 opp til 200 m2
Mindre tiltak 3364,- 8,75
Større tiltak 3364,- 21,30
Avslag på søknad 3364,-

Korleis søkjer du?

Du søkjer brukendring i eige skjema. Husk at du i søknaden skildrar klart kva romfunksjonar det har vore og kva romfunksjon det skal ha etter endring.

Når du søkjer er det viktig at du legg ved:

  • teikninga i mål 1:100 der det kjem klart fram kva for ein del av eigedomen saka gjeld
  • nabovarsel dersom endringane fører til fasadeendring som for eksempel nye vinduer/ytterdørar

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenke

Plan og byggningslova