Dispensasjon

Når du skal søkje om å bygge er det ulike lovverk og planar som set ramme for kva du får lov til på din eigedom. Sjekk om du treng dispensasjon før du søkjer.

Du kan søkje om dispensasjon frå

  • Avstandskravet til nabogrense
  • Kan ha med dispensasjon frå avstand til veg (fylkesveg 50 m og kommunalveg 15 m) (PDF, 39 kB)
  • Gesims- og mønehøgde
  • Avstand til sjø og vassdrag (strandsona på 100 meter)
  • Krav om reguleringsplan
  • Arealplan og reguleringsplan (vedtekter, byggegrense, grad av utnytting på tomta, fomål i plan, grenser for høgde
  • Andre reglar i plan- og bygningslova
  • Teknisk forskrift
  • Anna 

Om du er usikker på om du må søkje  dispensasjon, ta kontakt med kommunen.

Informasjon om din eigedom finn du i kartet og du kan også sjekke  kva reguleringsplanen sei her.

Kven kan søkje?  

Er du eigar av ein eigedom og vil bygge noko kan du levere søknad om dispensasjon.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lover og reglar utan utan usakeleg forskjellsbehandling. 

Det er viktig å vite at dispensasjon er eit unnatak.  Det er strenge vilkår for at ein kan gi dispensasjon. For det fyrste kan ein ikkje gi dispensasjon dersom omsynet bak regelen det dispenserast frå, eller lovens formålsregel, vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må det vere klart større fordelar enn ulemper ved ein dispensasjon. Er desse to vilkåra innfridd  kan  kommunen velje å gi dispensasjon.  

Kva kostar det?

Saker med høyring er saker der kommunen sender din søknad til andre for uttale. Som for eksempel landbrukskontoret, fylkesmannen, kystverket, m.m
Dispensasjon
Type sak Utan høyring med høyring
Saker delegert utviklingsleiar kr. 1682,- kr. 3364,-
Saker handsaming i MTK kr. 5046,- kr. 11773,-

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Dersom du kan søkje sjølv, men må søkje dispensasjon vil det kunne gjerast i skjema du nytter for å søkje.. Søkjer du dispensasjon frå avstandskrava til veg kan dette skjemaet nyttast.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd innan for gjeldande lovverk.

Nyttige lenke

 

Plan og bygningslova