Søkje om endring av gitt løyve

Ynskjer du å gjere større eller mindre endringar på eit løyve du har fått, må du søkje om dette. 

Kven kan få tenesta?  

Alle som har fått eit godkjent løyve, kan søkje om endring.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lovverk, utan usakeleg forskjellsbehandling.

Kva kostar det?

Endring byggeløyve
Type Grunnbeløp Atreal opp til 200 m2 Over 200 m2
Større endringar kr. 3 364,- kr. 3,81 pr. m2 kr. 1,83 m2
Mindre endringar kr. 1 682,-

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Søknad om endring skal leverast i eige skjema.

Husk å ta med naudsynt dokumentasjon.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenke:

Plan og bygningslova