Kva kan eg søkje om sjølv?

Nokre tiltak kan huseigar sjølv stå ansvarlig for, og kan da nytte søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett.

Dette gjelder følgande tiltak:

  •  Enkelt tilbygg opp til 50 m² bruttoareal (BRA) og- eller bebygt areal (BYA)
  •  Ein enkel frittliggjande bygning med ei etasje, men den kan vere underbyg med kjellar. Samla areal kan ikkje vere større en 70 m² bruttoareal (BRA) og- eller bebyg areal.
  •  Bruksendring frå tilleggsdel (td. bod) til hovuddel (td. soverom) eller omvendt innanfor ei brukseining.
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 6,5 m² montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil
    1,5 m montert frittståande på terreng. Her må personsikkerheit, traffikksikkerheit ol. vurderast i kvart tilfelle, så det anbefalt å ta kontakt med kommune før slike tiltak.
  • Alminnelege driftsbygningar i landbruket, ta kontakt med kommune for meir informasjon.

Dersom ditt tiltak ikkje er i lista, anbefaler vi at du tek kontakt med kommune for avklaring.

Huseigar pliktar seg til å sette seg inn i aktuelt lovverk, planar, planføremål, føresegner, kart ol. for den eigedomen tiltaket skal utførast på.

Kva kostar det?


 

Mindre byggearbeid
Type tiltak Grunnbeløp Gebyr pr. m2
Garasje, bod, uthus, o.l kr. 3 364,- kr. 21,30
Tilbygg, påbygg, bruksendring o.l kr. 3 364,- kr. 21,30 opp til 200 m2

Korleis søkjer du?

Du søkjer elektronisk i byggsøk.

Når du søkjer er det viktig at du legg ved:
•    Målsette teikningar i mål 1:100 der det kjem klart fram kva for ein del av eigedomen saka gjeld
•    Målsett kart som viser plassering av tiltaket
•    Nabovarsel 

Skjema for utskrift.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så fort som råd og du får svar innan 3 veker.

Nyttig lenke

Byggesaksføreskrifta (SAK 10)

Plan- og bygningslova (PBL)