Deling av eigedom

Når du skal søke om å opprette ein ny eigedom eller dele frå ein eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen  vi treng for å handsame søknaden din

Slik søkjer du

Teikn inn på kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 slik som du tenker at den nye tomta skal sjå ut.  Du kan frådele  fleire parsellar samstundes. Det er viktig at du målsetjer godt og merkar dei med parsell 1,2 osv.

Lenke til kartet finn du her

Fyll ut skjema Oppmålingsforretning - Søknadspliktige tiltak

Sjekk kva status eigedomen har i kommuneplan/reguleringsplan.  Det er viktig at dersom du skal dele frå ei tomt at den er avsett til formålet den er tenkt nytta til  i Planarkiv

Dersom den ikkje er det,  må du søke om dispensasjon (PDF, 168 kB) .

Det er grunneigar som kan søke om frådeling.  Dersom nokon annan skal søke må dei ha fullmakt frå grunneigar. 

Naboar og gjenbuarar må ha nabovarsel.  Naboar er eigarar/festarar av eigedom som grensar til eigedomen din.  Gjenbuar er eigar/festar av eigedom på andre sida av vegen.

Naboliste kan du få på Servicetorget. Naboane kan og bekrefte på mail om  at dei samtykkjer i planane.  Naboane skal sende evnt. merknadar til deg, slik at du kan sende  dei samla saman med søknaden til kommuna.

Dersom du skal sende nabovarsel rekomandert i posten, så må du fylle ut eit nabovarsel til kvar enkelt nabo  saman med kart som syner tenkt frådeling.  Vidare tek du med nabovarslingslista til posten der dei kvitterer på  at du har sendt nabovarsel rekomandert.  Dersom du ikkje har høyrt frå den varsla naboen etter 14 dager, så kan du rekne med at naboen godkjenner frådelingsplanane.

Kva kostar det?

 

Frådeling av ny eigedom 2019
Type Areal Pris
Behandling av søknad kr. 3 465,-
Dispensasjon Sjå gebyr dispensasjon
Oppmålingsgebyr 0-2000 m2 kr. 18 150,-
Arealgebyr 2001-20000 m2 kr. 712,- (auke pr. påbegynt da)
Over 20001 m2 Etter medgått tid.
Tinglysing oppretting av eigedom Etter gjeldande satsar frå Statens kartverk

 

Dersom det er ein dispensasjon kjem dette i tillegg:

Dispensasjon
Type sak Utan høyring med høyring
Saker delegert utviklingsleiar kr. 1682,- kr. 3364,-
Saker handsaming i MTK kr. 5046,- kr. 11773,-

 

Søknaden kan sendast til postmottak@heroy.kommune.no

eller til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg