Grensejustering

Dersom du vil auke eller redusere eigedomen din kan du søkje om grensejustering. Areal kan aukast eller reduserast med inntil 5 % av det minste arealet, men maksimalt 500 kvadratmeter.

Ved makeskifte mellom eigendomar kan arealet justerast  med opptil 20 %, men netto justert må likevel ikkje overstige 5 %.

Om arealet  overstiger grenseverdiane, må det søkjast om deling eller arealoverføring

Kven kan få tenesta?

Avgivar av areal skal levere søknaden.

Kva kan du forvente?

Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lovverk utan usakeleg forskjellsbehandling.

Kva kostar det?

 

Grensejustering 2019
Areal Pris
0-250 m2 kr. 6 430,-
251-500 m2 kr. 9 280,-

 

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

For å få tenesta må du levere søknadsskjema.

Husk å legge ved kart og nabovarsel. Nabovarsel kan du få i Servicetorget.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.