Oppmåling

Når du har fått frådelt eit areal eller vedtak om grensejustering vert arealet oppmålt.

Kven kan få tenesta?  

Den som har fått vedtak om frådeling av areal eller grensejustering.

Kva kan du forvente?

Det er klagefrist på vedtak om frådeling/grensejustering. Klagefristen er tre veker. Etter at denne klagefristen er over vil du verte kontakta av ein landmålar for avtale om å måle opp arealet.

Kva kostar det?

Sjå artikkel om frådeling og grensejustering.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Saka vert overført frå den som har handsama din søknad til den som skal utføre oppmåling.

Når kan du vente svar?

Oppmåling vert  utført så snart som mogleg etter at klagefristen er over.