Påvising av eigedomsgrenser

Enkelte kan oppleve at grensemerka forsvinn og ønskjer å få sett ned nye.

Eigedomar som er oppretta frå ca. 1980 eller eldre eigedomar som har hatt nyare målingar av grensar har grenser som er koordinatbestemte. Eldre eigedomar har ikkje koordinatorbestemte grenser (eigedom oppretta før 1980).

Kven kan få tenesta?  

Som eigar kan du be om å få sett ned nye grensemerke i samsvar med målebrev/matrikkelbrev.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknad kan du forvente at landmålar ser på søknaden  og tek kontakt med deg for å avtale om at nytt grensemerke vert sett ned.

Kva kostar det?

 

Påvising av grensemerke 2019:
Tal på punkt Pris
Inntil 2 punkt Kr. 2 102,-
Pr. punkt over dette Kr. 700,-

 

Korleis får du påvist grensene?

Skal du få sett ned nytt grensemerke søkjer du om det i eige skjema. Til søknaden må du levere kart der du markerer kva grensemerke du vil ha påvist.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.