Detaljreguleringsplan for Fosnavåg hamn lagt ut på høyring

Klikk for stort bilete 

Formannskapet vedtak tysdag 05.05.2020 å leggje planforslag for Fosnavåg hamn – Nørvågen ut til offentleg ettersyn i seks veker.

Føremålet med reguleringsplanarbeidet er primært å legge til rette for deponering av ureine massar frå mudring av Fosnavåg hamn. Hamna er for grunn slik den er i dag og Kystverket/Herøy kommune har utarbeidd forprosjekt for utdjuping til kt -8,3 for hamnebasseng og innsegling. Massane som skal fjernast er planlagt varig lagra i eitt samla strandkantdeponi i indre del av Fosnavåg hamn. Deponiet skal romme kring 115.000m³ masse, noko som medfører at eit sjøareal på kring 16.000m² vert fylt ut. Noko av arealet er regulert gjennom «detaljreguleringsplan for Fosnavåg hamn, indre hamn» (plan ID 201605) (figur 2-2). Den nye reguleringsplanen ein no legg fram skal regulere det resterande arealet aust for 201605, slik at ein får regulert for eitt samla deponi i indre hamn.

Dette er ei oppfølging av Kommunestyrevedtak 31.01.2019 som seier:

Herøy kommunestyre godkjenner forprosjektet og ber vidare om at administrasjonen held fram med arbeidet med å legge til rette for eit samla deponi på indre hamn.

Frist for merknadar er 19.06.2020.

Her ligg:

Viser elles til sakslista til Formannskapet for resterande vedlegg til saka.  

https://innsyn.heroy.kommune.no/wfinnsyn.ashx?response=mote&moteid=93&