Høyring - breibandsutbygging i Herøy kommune

Klikk for stort bilete

 

Herøy kommune vil søkje om tilskot til utbygging av breiband til område i kommunen som ikkje har slik dekning.

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Det kan også gis tilskot for å auke kapasiteten for breiband i områder kor det ikkje kan ventast å komme nye kommersielle tilbod i dei nærmaste åra. Det er sett følgjande vilkår for utbygginga:

• Prosjekt som søkjer støtte skal vere teknologinøytrale. Det kan til dømes ikkje stillast krav til at det skal byggast ut fiber

• Dekningsgraden etter utbygging skal vere 100 prosent, dvs. at alle husstandar og bedrifter i området skal få eit breibandstilbod på minst 30 Mbit/s

• Breiband til fritidsbustader er ikkje omfatta av ordninga. I prosjekt der eit område inneheld både fritidsbustader og fast busetjing, må kostnadane knytt til fritidsbustadane skiljast ut frå kostnadsgrunnlaget for søknaden

• Lokale bidrag skal utgjere minst 25 prosent av total prosjektkostnad. I lokalt bidrag inngår eigeninnsats og –kapital frå kommunen, private, lokalt næringsliv, dugnad osv. Utbyggar sin del skal ikkje reknast med i lokale bidrag

• Breiband til sluttbrukar skal tilbydast til ein fastpris som er uavhengig av bruken

• Utbyggarar med offentlig støtte skal tillate andre tilbydarar å kople seg på det aktuelle nettet, for å tilby breiband i tilgrensande område til rimelege vilkår

Herøy kommune har god breibandsdekning i kommunen, men unnatak for område Runde – Goksøyr. I samband med søknaden om tilskot til dette området vil vi invitere verksemder og innbyggjarar til å kome med innspel innan 1. juni 2019. Innspel kan sendast til postmottak@heroy.kommune.no og merkast «Høyringsuttale breibandsutbygging».