Kystsoneplan for Søre Sunnmøre

kystsoneplan-dybde - Klikk for stort bilete

Har du lyst på ei kajakkløype eller ei vannscooter løype i kommunen din? Veit du om ei badestrand eller eit friluftsområde som vi bør ta omsyn til i planen? Eller eit viktig lokalt fiskeområde? Eller har du andre forslag?

Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er i gong med å utarbeide ein felles plan for sjøområda. No ønskjer vi innspel frå innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre på korleis områda bør brukast. Mange har interesse av korleis sjøområda skal forvaltast og brukast. Vil vi høyre frå så mange som mogleg før planen vert lagt.

Veit du om ei badestrand eller eit friluftsområde som vi bør ta omsyn til i planen? Eller eit viktig lokalt fiskeområde? Eller har du andre forslag? Her kan du teikne inn dine ynskje og kome med merknadar. 

Frist for innspel: 1. februar 2019.

Kom med innspel i vårt verkty for medverknad og innbyggardialog:  http://bit.ly/kystplan 

Dersom du ynskjer å sende innspelet som brev, kan du det til den kommunen du bur i. For innbyggjarar i Herøy, send til: Herøy kommune, pb 274, 6099 Fosnavåg.

kystsoneplan-dybde - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

kystsoneplan-sediment - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

OBS! Dersom du er ein næringsaktør som kjem med innspel som kjem innunder krav om konsekvensutgreiing må du svare på skjema som du finn lenke til her.(PDF, 197 kB)

Andre lenker: