Varsling av utvida plangrense: For strekninga Igesund - Fosnavåg

Klikk for stort bilete I samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 12-3 og §12-8 gjer vi med dette det kjent at det vert starta opp arbeid med detaljregulering for eit avgrensa område mellom til Igesund og Fosnavåg i Herøy kommune. 

Området er i dag i hovudsak avsett til sentrumsformål, og bustadføremål.

 Herøy kommune varsla oppstart av planarbeid 28.08.2018, sak 2018/998, der kommunen hadde som hovudmål å regulere gang- og sykkelveg mellom Igesund og Fosnavåg. Dette var eit ledd i å sikre mjuke trafikantar god og trygg ferdsel med samanhengane gang- og sykkelveg mellom Fosnavåg og Kvalsund.

Ved utteikning av planforslag viste det seg vanskeleg å få til gang- og sykkelveg og kommunen må derfor no sjå på løysing med oppheva fortau med god breidde samt sanering av avkjørsler frå fv. 5878.

Med bakgrunn i innspel frå naboar og grunneigarar ynskjer kommunen også å lage ein meir heilskapleg plan som også sanerer ein del problematiske avkjørsler frå fylkesvegen for å sikre meir framtidsretta løysingar. Kommunen ynskjer også å regulerer eit utbetra kryss mellom Huldalsvegen og Igesundvegen(Ytre bydel) ved å sjå på løysingar med rundkøyring eller utbetring av avkjørslene.

Innspel til saka skal sendast skriftleg til:

Herøy kommune, utviklingsavdelinga, Pb 274, 6099 Fosnavåg eller pr. e-post til postmottak@heroy.kommune.no

Merk innspelet med: saksnr. 19/11964

Frist for innspel: 05.06.2020.

Meir informasjon om saka kan ein få ved å kontakte:

Ole Magne Rotevatn, telefon nr. 909 74 128

Utvida plangrense - kart (PDF, 2 MB)

Utviding_av_planområde_planstatus kart (PDF, 2 MB)

Sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit (PDF, 673 kB)

Varsling_av_utvida_plangrense_Igesund-Fosnavåg (PDF, 390 kB)