Konsesjonsfridom

Hovudregelen er at du kan kjøpe ein eigedom utan å søkje om konsesjon. Du må likevel stadfeste konsesjonsfridomen ved å fylle ut skjemaet her. (PDF, 222 kB)

Dei same reglane gjeld om du har overtatt eigedomen som gåve eller arv.

Fylle ut skjema:

Det er den som skal ta over eigedomen som skal fylle ut skjemaet og sende det til kommunen.

Er det fleire eigarar skal kvar ny eigar fylle ut skjema.

Du skal alltid fylle ut opplysingane i punkt 1 og 2.

Krysse av i eit av punkta 3 til 6 viss mogleg, elles kan det hende du må nytte punkt 7 eller 8.

Uansett skal du berre krysse av i eit av punkta 3 til 8.

Til slutt skal du fylle ut punkt 10 med kryss, dato og signatur.

Sjå elles meir rettleiing på side 3 og 4 i skjemaet.

 

Send skjema til kommunen:

På eDialog (sikker innsending av skjema): eDialog

I konvolutt: Herøy kommune, avdeling landbruk, Nedre Dragsund 2, 6080 Gurskøy

Lever skjema personleg på Servicetorget på Rådhuset,
eller på landbruksavdelinga, Nedre Dragsund 2 på Gurskøy.

 

Svar frå kommunen:

Du får skriftleg svar når vi har ført konsesjonsforholdet i Matrikkelen.

Normalt vil du få svar innan ei veke.

Det er fyrst når vi har ført konsesjonsforholdet at du kan sende inn aktuelle dokument til Kartverket for tinglysing.