Barnevern

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.

Kven kan få tenesta?  

Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i kommunen. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Kva kan du forvente?

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding startar ein opp ei undersøking etter lova.

Barneverntenesta tek då kontakt med familia, barn og unge, og hentar inn opplysningar frå aktuelle instansar og personar der dette er naudsynt. Med bakgrunn i resultatet, og i samarbeid med familien, kan det verte sett i verk tiltak.

Tiltaka kan vere:

  • Råd og rettleiing
  • Økonomisk støtte  -t.d. dekning av barnehage, SFO, fritidsaktivitetar m.m.
  • Støttekontakt - tilbod til barn som av forskjellige årsaker treng hjelp til sosiale aktivitetar. Behovet vert tilpassa det enkelte barn.
  • Besøksheim/Avlastningsheim -tilbod til familiar som av forskjellige årsaker treng avlastning og born som treng å utvide nettverket sitt.
  • Familieråd- det er ei metode der ein engasjerer barnet sitt private nettverk og gjennomfører familieråd. Familierådet skal finne løysingar for at born skal få det betre.
  • Foreldrerettleiing, ulike veiledningsprogram og generell veiledning til foreldre og barn som har utfordringar.  
  • står for «Tidleg innsats for barn i risiko», PMTO- står for «Parent management training Oregon» og er program for førebygging og behandling av åtferdsproblem hos born. Brosjyra gir informasjon (PDF, 919 kB) (PDF, 919 kB)om tilbodet.Tilvising skal skje i eige skjema. (PDF, 69 kB)   NBO- New born behavior observation som er eit veiledningstilbud til dei med spedbarn for å fremme god tilknytning. ICDP- som står for International Child Development Program som er eit veiledningsporgram som skal styrke tilknytingen og samspelet mellom barn og omsorgsgiver.
  • Multisystemisk Terapi (MST) - eit behandlingstilbod for familiar som har ungdom med adferdsvanskar. Aldersgruppe 12-18 år.
  • Senter for foreldre og barn i Molde - foreldre og barn bur på senteret, for tett oppfølging og rådgjeving. Aldersgruppe frå 0-6 år.
  • Plassering utanfor heimen med foreldra sin samtykke -Fosterheim for ei periode.
  • Ettervern - frivillig tiltak etter avtale med barnevernet som kan oppretthaldast til fylte 23 år.
  • Plassering utanfor heimen -det kan  i enkelte tilfelle vere naudsynt å gjennomføre tiltak mot foreldra sitt samtykke ved å plassere barnet utanfor heimen.
  • Tilsyn og kontrolltiltak i heimen -meldt og uannmeldt tilsyn.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Bakgrunnen for at barneverntenesta kjem inn med hjelp til ein familie er

 eller ved at du sjølv tek kontakt med barnevernet .

Du finn oss her:

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenke:

Rutinehandbok for barneverntjenester

Alarmtelefon for barn og unge   tlf. 116 111

Bufetat


Barnevernet på fleire språk

Familievernkontor

Krisesenter for Sunnmøre

Kontakt

Evy Løfoll
Leiar barnevern
E-post
Telefon 70 08 13 52
Mobil 906 40 811
Elselill Bjåstad
E-post
Telefon 70 08 13 40
Mobil 954 58 673
Eva-Janne Brandal
Sakshandsamar
E-post
Telefon 70 08 13 44
Mobil 908 16 350
Aina Kvalsund
Sakshandsamar
E-post
Telefon 70 08 13 42
Mobil 488 92 992
Anita Solvang Ristesund
Barnevernkonsulent
E-post
Telefon 70 08 13 51
Mobil 488 92 989
Gry Tone Sandhaug
Sakshandsamar
E-post
Mobil 488 92 988
Kaja Husøy Ingebrigtsen
E-post
Mobil 488 92 991