Omsorgsbustader

Helse og omsorg har fleire omsorgsbustadar. Nokre er utan personaltilsyn, nokre har delvis personaltilsyn og nokre har tilsyn heile døgnet. Tildeling av omsorgsbustad vert gjort utifrå ei individuell vurdering og utifrå kapasitet. 

Kva typer omsorgsbustadar har vi i ytre Herøy?

  • Bustad utan personaltilsyn
  • Bustad med delvis personaltilsyn
  • Bustad med heildøgns omsorg

Kven kan søkje om omsorgsbustad?

Bustadane er meint for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

Kva kostar det?

Husleigen varierer utifrå storleik og standard.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet.

Kva er oppseiingstida? 

Dersom leigetakar skal seie opp leigeavtalen skal oppseiinga leverast skriftleg til eigedomsavdelinga. Bruk skjema "oppseiing av husleigekontrakt". Ihht husleigekontrakta er oppseiingstida normalt 3 mnd, men eigedomsavdelinga kan på førespurnad og etter avtale imøtekome kortare oppseiingsfrist på 1 mnd.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649
Marit Dalsbø
konsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 32 323
Tommy Dahl
Prosjektleiar Helseplattformen Sjustjerna
E-post
Mobil 909 27 302