Legevakt

NB! I samband med pågåande smittespreiing av coronavirus: Ved mistanke om smitte, IKKJE møt opp på legevakta, men ta kontakt på telefon 116117 og få nærmare beskjed om kva du skal gjere.

Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsetenesta.  Når fastlege ikkje er tilgjengeleg skal legevakta kontaktast. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise.

Kontakt med tenesta har tre nivå i Noreg. Fastlegen er hovudkontakten. Legevakt skal hjelpa når fastlegen ikkje er tilgjengeleg. Dersom det er akutt og står om liv, skal du ringja 113.

Kven kan kontakte legevakta? 

Alle kan ringe legevakta når ein meiner ein ikkje kan vente til fastlegen er på kontoret. Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

  • Høg feber – særleg hjå barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne.
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot

 

Kva kan du forvente?

I Herøy har vi interkommunal legevakt saman med Sande kommune på ettermiddag/kveld. Legevakta ligg i Myrvåg på adresse Dragsundvegen 11.  Nattlegevakt har vi saman med 5 andre kommunar. Nattlegevakta held til ved Volda sjukehus, inngang akuttmottaket.

Når du ringer legevakta vert det gjort ei vurdering av din situasjon og det vert gjort avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må venta, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpa deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

 

Kva kostar det?

Du må betale ein eigenandel og eventuelt dekkje utgifter til materiell dom for eksempel bandasjar og medisinar.

Korleis får du kontakt med legevakta?

Dersom du ikkje får kontakt med fastlegen din  og hjelpa ikkje kan vente skal du ringe legevakta på 116117.

Legevakta i Herøy og Sande (Myrvåg) kvardagar frå 15-22 og helg/hødtid 08-22.

Nattlegevakt i Volda dagleg 22-08.

 

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringja 113.

Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme