Koordinerande eining

Kvar kommune har ei koordinerande eining for helse- og omsorgstenester. Her kan du få råd dersom du er usikker på kva tenestetilbod som passar deg.

Eininga har også det overordna ansvaret for individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator. Koordinatoren er kontaktperson for pasient og pårørande.

Individuell plan er eit samarbeidsdokument - ei oversikt over dei ulike tenestene og målsetting for tiltaka. Retten til individuell plan gir ikkje større rett til helse og omsorgstenester enn det som du ville hatt rett på utan ein slik plan.

I Herøy finn ein koorinerande eining ved Helse- og omsorgssenteret på Eggesbønes, i avdeling for tenestekoordinering. Sjå kva koordinerande eining er her.

Viktige lenke:

Forskrift om habilitering og rehabilitering

Handlingsplan for koordinerande eining M&R (PDF, 701 kB)

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649