Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa trening i daglege gjeremål i eigen heim.

Den enkelte sine ressursar, interesser og mål står sentralt, og målet er auka livskvalitet og meistring i eige liv.

Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ei systematisk kartlegging, og det blir i samarbeid med deg utarbeida mål som du synes er viktige å meistre i din kvardag. Teamet og heimebasert omsorg vil saman med deg samarbeide om å nå disse måla.

Kven er målgruppa?

• Du som ønsker å vere aktiv og bu heime
• Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
• Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste
• Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
• Du er motivert til å gjere noko med eigen situasjon og kan aktivt ta del i å utforme mål for rehabiliteringsperioden
• Du kan følgje instruksjon og sjølvstendig følgje opp tilpassa eigentreningsprogram
• Trening må kunne utførast i heimen/nærmiljøet
• Det er tverrfagleg vurdert at du har rehabiliteringspotensiale

Kva kan du vente av oss?

Vi kjem heim til deg og vil saman med deg setje mål og utarbeide ein plan for det du må trene på for å oppnå meistring av viktige aktivitetar i kvardagen.
Vi vil jobbe intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode for at du skal nå måla dine. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs. Tenesta skal ytast med respekt for din livssituasjon og heim. 

Kva ventar vi av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å vinne att aktivitetar du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.

Døme på mål for treninga:

  • Kome seg inn og ut av seng
  • Lage mat
  • Dusje sjølv  
  • Gå utandørs
  • Gå trapp
  • Delta på sosiale aktivitetar

Om kvardagsrehabiliterings-teamet:

Elisabeth Strand Slettestøl, utdanna helsesjukepleiar – arbeidd i Herøy kommune som helsesjukepleiar 100% frå 2006, frå 2007 som leiar for helsestasjon. No 60% stilling som sjukepleiar/koordinator kvardagsrehabilitering + 20% reisevaksinasjon i helsestasjon.

Kathrine Torvik Eikenæs, utdanna ergoterapeut – arbeidd i Herøy kommune som kommuneergoterapeut 100% frå 2017. No 60% stilling som ergoterapeut i kvardagsrehabilitering + 20% som kommuneergoterapeut. 

Markus Skorpen, utdanna fysioterapeut – har erfaring frå kvardagsrehabilitering i Trøndelag. Tilsett i Herøy i august i år, 60% stilling i kvardagsrehabilitering + 20% fysioterapeut ved Myrvåg omsorgssenter.

Alle tre har eit stort engasjement for førebyggjande arbeid, og samla sett brei erfaring frå ulike område og ulike aldersgrupper.

Vi har stor tru på at kvardagsrehabilitering vil føre til at ein kjem tidlegare inn med rette tenester til brukaren, som igjen vil gjere slik at fleire vil vere lenger aktiv i eige liv, og med det oppnå høgare livskvalitet, påpeikar dei tre engasjert.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.​​​​​​​

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.

Klage på vedtak?

Om du vil klage på vedtak, kan du lese meir om korleis du går fram her.

 

Kontakt

Elisabeth Strand Slettestøl
koordinator kvardagsrehabilitering
E-post
Telefon 70 08 14 58
Mobil 992 10 027
Kathrine Torvik Eikenæs
ergoterapeut/kvardagsrehabilitering
E-post
Mobil 992 10 026
Markus Skorpen
fysioterapeut / kvardagsrehabilitering
E-post
Telefon 70 08 13 00
Mobil 913 32 509