Avlastning

Herøy kommune har to ulike avlastingstilbod i institusjon. Tenesta er knytt til pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.

Kven kan få avlasting?

Foreldre til barn under 18 år kan få avlastingstilbod ved Toftetunet avlasting. Toftetunet ligg i Kvithaugsmyra 4.

Her er rom for avlasting til tre born, med felles stove og døgntilsyn. Tenesta er tilgjengeleg kveld (etter skuletid), helgar og ved skulefri.

Det andre avlastingstilbodet er meint for pårørande til eldre, og er ved omsorgssentera i kommunen.

I tillegg kan ein søkje om avlasting utanfor institusjonane, for eksempel for eit barn som er hjå bestemor ei helg i månaden.

Kva kostar det?

Avlasting er gratis.

Ved avlasting i omsorgssenter er det ikkje tilbod om legetilsyn, og ein må ha med eigne medisinar og ev medisinsk utstyr. Ved behov for legetilsyn under opphaldet vert det nytta legevakt. Rutinemessig vert det nytta korttidsopphald i omsorgssenter ved første opphald. Dette for å kartlegge hjelpebehov og for å vurdere om pasienten er kandidat til avlastingsopphald.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649
Rose-Marie Kvalsund
avdelingsleiar Bu og habilitering
E-post
Mobil 990 98 023
Siv Jensen
avdelingsleiar Pleie og omsorg
E-post
Mobil 907 85 178