Omsorgssenter

Herøy har to omsorgssenter, eit i indre Herøy og eit i ytre. Myrvåg omsorgssenter har to avdelingar, Myrvåg avdeling A og Myrvåg avdeling B (demensomsorg). Herøy omsorgssenter består av Grøn, Raud og Blå avdeling (skjerma eining). 

Kven kan få tilbod om opphald i omsorgssenter?

Dersom du av ulike helsemessige årsaker ikkje kan bu heime lenger, kan du søkje om korttidsopphald eller langtidsopphald i omsorgssenter. For at du skal få tilbod om opphald, bør tenester i heimen og tilrettelagt bustad vere prøvd ut.

Du kan lese meir om vilkår for tildeling av langtidsopphald her: Lenkje til forskrift om tildeling av langttidsopphald (PDF, 2 MB) (PDF, 284 kB)

 

Dette kan vi hjelpe deg med

På omsorgssenteret får du hjelp med personleg hygiene, kosthald og aktivitet, i tillegg til medisinskfagleg kompetanse døgnet rundt.

 

Kva kostar det?

Eigenbetaling for kortidsopphald er sett til kr. 160,- pr. døgn.

Dersom korttidsopphaldet varer lenger enn 60 døgn, må du betale som om du har langtidsplass. Prisen er utrekna etter inntekter og utgifter. 

 

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette  søknadsskjema..

 

Søknaden din vil bli vurdert fortløpande.

Kontakt

Ann Helen Nerland Nordbø
seksjonsleiar Herøy omsorgssenter grøn avdeling
E-post
Telefon 70 08 14 74
Mobil 415 71 466
Julianne Higraff
seksjonsleiar Herøy omsorgssenter blå avdeling
E-post
Mobil 992 10 028
Gry Dragsund-Vike
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling A / heimetenesta indre
E-post
Telefon 70 08 49 55
Mobil 980 75 478
Ane Nærø
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling B
E-post
Telefon 70 08 49 56
Mobil 938 75 336
Randi Kvalsund Taklo
seksjonsleiar Herøy omsorgssenter raud avdeling
E-post
Telefon 70 08 15 44
Mobil 970 20 582