Kommunepsykolog

Kommunepsykologen si primæroppgåve er å førebyggje. Som del av dette gir han råd og rettleiing til andre fagfolk i kommunen, deltek i tverrfaglege møter og tilbyr psykologhjelp til innbyggjerane i Herøy med inntil 6 timar.

Kven kan få tilbod om psykolog?

Tilbodet er for alle som har behov for oppfølging i forhold til psykisk helse, uansett alder.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du kan be om å bli henvist til kommunepsykologen via fastlegen eller andre kommunale tenester.

Kontakt

Ivar Ørstavik
kommunepsykolog
E-post
Mobil 916 36 698