Kvikk Herøy

Kvikk Herøy er eit samarbeidsprosjekt mellom Teneste for Psykisk helse og Teneste for bustadsosial og rus. Det er eit lågterskeltilbod til menneske over 18 år med utfordringar i kvardagen. 

Kva er Kvikk  Herøy og kven kan få tenesta?  

Ein veit at aktivitet er positivt for både den fysiske og psykiske helsa vår, og at det å vere saman med andre er positivt for mange. Siste åra har det blitt eit større fokus på å ta med aktivitet og kreativitet inn i behandlinga av rus og psykisk liding. På bakgrunn av dette har Herøy kommune søkt Fylkesmannen om midlar til Kvikk-prosjektet.

Kvikk-prosjektet er ei styrking av tenestene til menneske med psykisk helseutfordring og/eller rusutfordring. Det er tilbod om gruppeaktivitetar og individuell oppfylging. Det vil vere fokus på meistring, fellesskap, aktivitet, kreativitet og kvardagsglede.

Målet til Kvikk er å gi eit tilbod som kan treffe mange ulike menneske og deira pårørande uansett utfordring. Om ein har spesielle ynskje om aktivitet eller gjeremål, kan ein ta kontakt for å snakke om det er mogleg.

Kva kan du forvente?

Kvikk har allereie starta opp med ulike aktivitetar. Kvikk har kvar veke badegruppe, turgruppe og kreativ gruppe. Det er også tilbod om kino på dagtid fyrste torsdagen i månaden. Det kan bli endringar på gruppetilbodet undervegs. Elles tilbyr Kvikk Herøy individuell oppfølging og er opne for å starte opp andre grupper etter ønskje behov dersom det er mogleg innanfor rammene til Kvikk.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Ein treng inga tilvising eller levere søknad for å delta i Kvikk, eller ha andre tenester om ein ynskjer å delta. Om du ynskjer å delta, kan du sjølv ta kontakt for ein uforpliktande samtale med kontaktperson for tenesta.

Kontakt

Malin Nerland
miljøterapeut / Sosionom
E-post
Mobil 918 90 167
Marianne Breivik
spesialpedagog
E-post