Psykisk helsearbeid

Herøy kommune har gode tenester for personar (barn, unge og vaksne) med psykiske problem. Tenestene vert utført i ulike avdelingar og seksjonar.

Formålet er å:

  • Førebygge og behandle psykiske problem
  • Bidra til auka sjølvkjensle og livskvalitet

Tenester :

  • Dagtilbod for personar over 18 år som har søkt om plass. Dagsenteret har diverse aktivitetsgrupper.
  • Ope dagtilbod tysdagar 11-15 og torsdagar 18-20.
  • Individuell samtalebehandling
  • Hjelp til medisinadministrering
  • Kartlegging og diagnosefastsetting (psykologen)
  • Samarbeid med andre om best mogleg tilbod for den enekelte
  • Heimebesøk
  • Motiveringsarbeid i høve til arbeid og aktivitet
  • Kurs i meistring av depresjon
  • Samtaler med helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar og/eller kommunepsykolog
  • Oppfølging av hjelpetiltak over tid
  • Kartlegging av problem og behov for hjelp
  • Praktisk hjelp, råd og vegleiing

Kommunepsykologen har eit lavterskeltilbod der personar med behov for psykologhjelp kan ta direkte kontakt på mobil.

Kontakt

Svanhild Rise
seksjonsleiar Psykisk helse og Rus
E-post
Mobil 990 90 691
Liv Berit Hauge
psykiatrisk sjukepleiar
E-post
Telefon 70 08 46 33
Ivar Ørstavik
kommunepsykolog
E-post
Mobil 916 36 698