Tenesta psykisk helse og rus

Utfordring knytt til psykisk helse og rus skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Tenesta er eit tilbod  til deg som treng hjelp og støtte frå helsetenesta, når eigeninnsats og støtte frå familie og nettverk ikkje er tilstrekkeleg.

Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit tilbod til personar mellom 18-67 år med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande.

Vi vil bidra til gjensidig samarbeid med utgangspunkt i dine ressursar. Tenesta legg vekt på nettverket ditt, og har låg terskel på samarbeid med fastlegen, NAV, helsestasjon, sjukehus og andre som er aktuelle å samarbeide med.

Dei som er i målgruppa og er under 18 år kan ta kontakt med Helsestasjonen eller fastlegen sin.

Aldersgruppa over 67 år har tilbod i demens og psykiatriteam.

Om tenesta 

Tenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse  og samarbeider tett med øvrige helse og omsorgstenestene. Dei tilsette i tenesta  er satt saman i eit team med  tverrfagleg kompetanse og fleire av dei tilsette har relevant vidareutdanning. Gruppeaktivitetar og individuell oppfølging er ein del av tenesta .

Dei som tek imot hjelp får tildelt ei primærkontakt, og det vert skrive vedtak på timetal og innhald i hjelpetiltaket.

Kommunen har kommunepsykolog som gir tilbod etter søknad og avtale.

Frå 01.12.2019 har tenesta tilsett to psykologar, kor den nytilsette har spesialisering knytt mot born og unge 0-23 år.

Tenesta tilbyr tenester måndag - fredag kl. 08-16.

Målsettinga er :

  • Å gi hjelp og støtte
  • Å tilby rask psykisk helsehjelp
  • Å førebygge og redusere problemutvikling
  • Å fremje meistring av eige liv
  • Å betre levekåra

Kva hjelp kan vi tilby :

  • Støttesamtalar i heimen eller på eit kontor
  • Følgje til eller formidle kontakt med andre instansar i hjelpeapparatet
  • Oppfølging i bustad konkretisert i vedtak
  • Frivillig økonomisk forvalting
  • Tilvising og oppfølging i samband med rusbehandling i 2.linjetenesta
  • Tilvising til ACT –team i ambulerande seksjon i Volda DPS
  • Fremje sak om tvangsvedtak for Fylkesnemda-rus
  • Dagtilbod til psykisk helse og rus – ulike gruppetilbod organisert i ein aktivitetsplan
  • AssistertSelvhjelp – erklæringsprogram knytt til meistring
  • Ta Tak – Interkommunalt pårørande kurs i samarbeid med Korus og 2.linjetenesta
  • Oppfølging av pårørande, informasjon, råd og rettleiing

Smitteverntiltak

Kommunen tilbyr gratis brukarutstyr til rusmisbrukarar som injiserer. Ta kontakt med tenesta ved behov for utlevering.

Kven kan søkje?

Tenesta gir hjelp og støtte til personar mellom 18-67 år, med vanskar knytt til psykisk helse og rus og deira pårørande.

Korleis søkjer du?

Er du allereie i kontakt med ein hjelpeinstans som fastlege, NAV eller sjukehus? Då er det fint om desse hjelper deg med å sende oss ein søknad på elink (elekronisk melding i helsevesenet), brev eller via telefon.

Du kan også søkje ved hjelp av søknadsskjemaet.

Du kan også ringe seksjonsleiar Svanhild Rise på telefon 990 90 691.

Når kan du forvente deg svar?

Tenesta handsamar søknaden din så snart som råd. Tenesta har eige inntaksmøte torsdag kl. 08.30 i oddetallsveker. Inntaksmøte tildeler så langt råd er ei primærkontakt som tek direkte kontakt for å lage avtale om oppfølging. Du vil få skriftleg melding om vedtak.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtaket er klagefristen tre veker. Skriftleg klage kan sendast til Herøy kommune v / kommunalsjef helse og omsorg.

Adresser

Besøksadresse: Herøy Helsesenter, 2 etg.

Postadresse: Herøy Helsesenter
                      Seksjon psykisk helse og rus
                      Eggesbøvegen 11
                      6092 Fosnavåg

Kontakt

Svanhild Rise
seksjonsleiar Psykisk helse og Rus
E-post
Mobil 990 90 691
Runa Bakke
Avdelingsleiar barn, familie, helse
E-post