Teneste for psykisk helse

Teneste for psykisk helse tilbyr målretta og individuelt tilpassa oppfølging, med fokus på meistring av eige liv.

Tenesta er eit tverrfagleg team, der dei tilsette har relevant tilleggsutdanning innan psykisk helse og rus. Kommunepsykologen er ein del av teamet. Tenesta samarbeider tett med pårørande, fastlegar, distriktspsykiatrisk senter (DPS), NAV, Furene as, teneste for bustadsosialt og rus, barnevern, helsestasjon, heimesjukepleie med meir.

Tenesta har også aktiviseringstilbod, i form av Solheim dagsenter og Kvikk

Kven kan søkje?

Tenesta er meint for deg som er over 18 år og som har psykiske helseutfordringar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer i dette søknadsskjemaet  eller via fastlege, NAV, DPS eller andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Søknaden vil bli handsama i inntaksmøte. I inntaksmøtet får du oppnemnt ein kontaktperson i teamet vårt, som tek kontakt med deg for å kartlegge dine behov. Vi kan kome på heimebesøk.