Ergoterapi

Sentralt i ergoterapi er aktivitet og deltaking for alle. Ergoterpeuten arbeidar saman med deg for å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom kvardagen sine krav og din funksjon.

Kven kan få tenesta?

Alle innbyggjarane i Herøy kommune som har behov for tenesta får dette. Tenesta er for deg som grunna sjukdom, skade eller andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål. Her er nokre døme på kva ergoterapi kan vere:

  • Førebyggande tiltak
  • Tverrfaglig habilitering og rehabilitering
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar
  • Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage
  • Trening av daglege gjeremål
  • Delta i ansvarsgrupper i tverrfaglige team
  • Gje uttale om trygdefinansierte tiltak og utbetringstilskot til bustad
  • Universell utforming 

Slik får du tenesta:

Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeuten eller be om tilvising vidare frå andre tenester. Innan to veker skal ergoterapeuten ta kontakt og gjera avtale vidare.

Kva kostar tenesta?

Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis. 

Kontaktinformasjon:

Kommuneergoterapeut Kathrine Torvik Eikenæs

Herøy Helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.

 

Kontakt

Kathrine Torvik Eikenæs
ergoterapeut/kvardagsrehabilitering
E-post
Mobil 992 10 026