Dagtilbod

Vi har ulike tilbod for deg som bur heime, men som har lyst å møte andre eller ta del i ulike aktivitetar. Tilboda er opne på dagtid, mandag til fredag.

Her er ei oversikt over dagtilboda du kan søkje på:

Herøy produksjon

Herøy produksjon er ein arbeidsstad for menneske med ulike utviklingshemmingar. Her deltek du i oppgåver tilpassa ditt funksjonsnivå, saman med personale som har fokus på miljøtiltak og meistring for den einskilde.

Aktivitetssenteret

Aktivitetssenteret er eit dagtilbod med hobbyaktivitetar for menneske med utviklingshemming.

Herøy omsorgssenter

Herøy omsorgssenter har dagtilbod for eldre med nedsett funksjonsnivå i ytre Herøy. Her får du frukost, middag og kaffimat, i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar. 

Myrvåg omsorgssenter

Myrvåg omsorgssenter har dagtilbod for eldre med nedsett funksjonsnivå i indre Herøy. Her får du frukost, middag og kaffimat, i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.

 

Blåtunet dagaktivitetssenter

Blåtunet er eit dagaktivitetssenter for menneske med demenssjukdom. Her får du frukost, middag og kaffimat, i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar. Blåtunet ligg ved Herøy omsorgssenter, Blå avdeling.

 

Solheim dagsenter

Solheim dagsenter er ein møteplass for menneske med psykisk helseutfordring. Her får du tilbod om ulike aktivitetar og måltid i sosialt fellesskap med andre. Tysdag er open dag for alle, dei andre dagane søkjer du om plass og får vedtak. Solheim dagsenter held til på Myklebust.

Kvikk Herøy

Kvikk er eit tilbod om gruppeaktivitetar eller individuell oppfølgjing, for menneske med psykisk helse-/rusutfordring. Tilbodet har fokus på meistring, felleskap, aktivitet, kreativitet og kvardagsglede. Les meir her.

Kva kostar det?

Prisane på dagopphald for eldre er bestemt av Stortinget:

Dagplass institusjon 2019
Dagplass institusjon 2019
Pris Grunnlag Vedtak
Dagopphald kr. 85.- pr.dag Rundskriv I-1-2018) Vedtak om eigenbetaling vert gjort etter tildelt dagplass.

 

Dagtilbod for menneske med utviklingshemming er gratis. Solheim dagsenter er også eit gratis tilbod, men du betalar for maten.

 

Korleis søkjer du?

Du søkjer på det tilbodet som passar best for deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649