Blåtunet dagaktivitetssenter

Blåtunet er eit dagaktivitetssenter for menneske med demenssjukdom. Blåtunet ligg ved Herøy omsorgssenter, blå avdeling. Tilbodet er på dagtid, måndag til fredag.

Kven passar tenesta for?

Dagaktivitetstilbodet er aktuelt for menneske med demenssjukdom. Her får du frukost, middag og kaffimat i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.

Kva kostar det?

Prisane på dagopphald for eldre er bestemt av Stortinget:

Dagplass institusjon 2019
Dagplass institusjon 2019
Pris Grunnlag Vedtak
Dagopphald kr. 85.- pr.dag Rundskriv I-1-2018) Vedtak om eigenbetaling vert gjort etter tildelt dagplass.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Jorunn Johnsen
fagkoordinator demens og psykiatriteam
E-post
Telefon 70 08 15 31
Mobil 908 10 740