Herøy produksjon

Herøy produksjon er ei kommunal bedrift som er ein del av bu- og habiliteringstenesta i Herøy kommune.

Vi held til på Myklebust. Herøy produksjon leverer blant anna trevareprodukt til både næringsliv og den private marknaden. I tillegg til dette har vi utstyr til å digitalisere filmar og bilete.

Vi arbeider for tida med meir informasjon om produkttilbodet til Herøy produksjon.

Kven passar tenesta for?

Herøy produksjon er ein arbeidsstad for menneske med ulike utviklingshemmingar. Her deltek du i oppgåver tilpassa ditt funksjonsnivå, saman med personale som har fokus på miljøtiltak og meistring for den einskilde.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis dersom di samla nettoinntekt er under 2G, og du mottek andre tenester frå helse og omsorg.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Evelina Nikolaeva
fagleiar Herøy produksjon
E-post
Herøy produksjon
Telefon 70 08 46 65
Mobil 489 97 860