Familiestøtte

Familiestøtte er eit servicetilbod til småbarnsfamiliar med spesielle og akutte behov.

Kven kan få familiestøtte?

Tilbodet er meint til familier som har særlege behov for hjelp i ein akutt situasjon, som for eksempel dødsfall, akutt sjukdom eller spesielt krevjande familiesituasjon. Ein kan få hjelpa i inntil to månadar, kvardagar mellom 08-16. Målsetting for tenesta er hjelp til å meistre kvardagen i eigen heim. Det kan vere hjelp til den daglege ivaretakinga av små born, i tillegg til reinhald og matlaging.

Dersom behovet varer lenger enn 2 månadar skal behovet løysast ved dei ordinære tenestene til kommunen.

Kva kostar det?  

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du kan ta direkte kontakt med avdeling for tenestekoordinering, eller melde behovet via ein annan tilsett i kommunen.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649
Tommy Dahl
Prosjektleiar Helseplattformen Sjustjerna
E-post
Mobil 909 27 302
Marit Dalsbø
konsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 32 323