Heimesjukepleie

Heimetenesta i Herøy er delt i to område; indre og ytre Herøy.

Kven kan få heimesjukepleie?

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som bur heime, men som av ulike fysiske og psykiske årsaker har behov for medisinskfagleg hjelp i heimen. Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste.

Kva kostar det?  

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.

Når kan du vente svar?

Vi handsamar søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gry Dragsund-Vike
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling A / heimetenesta indre
E-post
Telefon 70 08 49 55
Mobil 980 75 478
Elsebe Rindalsholt
seksjonsleiar Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 08 14 79
Mobil 992 10 059