Høyrselskontakt

I Herøy kommune er det etablert høyrselskontakt i samarbeid med Hjelpemiddelsentralen i Møre og Romsdal. Høyrselskontakt hjelper til med formidling av høyrselstekniske hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral. 

Kven får tenesta?

Personar som har nedsett høyrsel og som treng hjelpemiddel. Døme på hjelpemiddel er forsterka varsling på ringeklokke, brannalarm og telefon. IR-anlegg til TV/radio og samtaleforsterkar.

Kven kontaktar du?

Høyrselskontakter i kommunen er hjelpemiddelkontaktene i heimetenesta og kommuneergoterapeuten.

Høyrselskontakt har ikkje ansvar for høyreapparat.

Kontakt

Anna Sannes Sørensen
ergoterapeut
E-post
Mobil 992 10 095