Kortvarig behov for hjelpemiddel

I faser i livet vil du kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare deg i det daglege.

Kven får tenesta?

Har du eit kortvarig (under to år) og midlertidig behov for hjelpemiddel kan du få låne nødvendig hjelpemiddel i kommunen.

Korleis få tenesta?

Du kan ta kontakt med  pleie- og omsorgsavdelinga som er den avdelinga som har ansvaret for utlån.

Det er hjelpemiddelkontakter i heimetenesta i både indre- og ytre Herøy. Hjelpemiddelkontaktene disponerer hjelpemiddel frå kommunalt lager i samarbeid med ergoterapeut.

Om du treng krykkjer eller gripetang får du kjøpt dette i Servicetorget på rådhuset.

Kontakt

Gry Dragsund-Vike
seksjonsleiar Myrvåg omsorgssenter avdeling A / heimetenesta indre
E-post
Telefon 70 08 49 55
Mobil 980 75 478
Elsebe Rindalsholt
seksjonsleiar Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 08 14 79
Mobil 992 10 059