Dette er dine klagerettar

Du kan klage dersom du ikkje er nøgd med dei helse- og omsorgstenestene du får tildelt. Vedtaket du har fått, skildrar også korleis du går fram for å klage.

Treng du hjelp til å klage?

Ved å kontakte sakshandsamar kan du få hjelp til å klage. Munnleg klage skal skrivast ned og underteiknast av den som klagar eller fullmektig. I klagen skal det kome fram kva ein ønskjer å endre. Vi nyttar ikkje eigne skjema for klage.

Korleis vert klagen handsama?

Når vi får klagen, vurderer vi den på nytt saman med eventuelle nye opplysingar i saka. Dersom klagen etter ny vurdering ikkje vert imøtekomen frå oss, vert den sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Kva er fristen?

Klagefristen er fire veker.

Klagen sendast til:

Helse og omsorg ved avdeling for tenestekoordinering

Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg.

Kontakt

Gro-Anette Frøystad Voldsund
avdelingsleiar Tenestekoordinering
E-post
Mobil 908 02 649